Norsk bokmål (Norway)French (Fr)Deutsch (DE-CH-AT)English (United Kingdom)
PDF Skriv ut E-post

Godmorstova er kårhuset på garden Vetlejord i Eksingedalen, eit tradisjonelt vestnorsk langhus bygd i 1871. Bustaden til Godmor (bestemor) er no gjort om til ein koseleg bustad for feriegjester. Rokken og gyngestolen til Godmor står her enno, og du merkar at huset har sjel så snart du kjem innanfor døra. Huset har sitt opphavlege preg, men likevel med moderne komfort. Her er stove med to soveplassar, soverom med 3 senger, kjøkken/allrom og bad. Opphaldet er basert på sjølvstell, og her er alt du treng av utstyr. Sengetøyskift og handkle kan du enten ha med sjølv, eller leige hjå oss.  
Godmorstova er medlem av Den Grøne Sløyfa, eit reiselivssamarbeid for området.